Grasnaut skriv:
Kunnskapsløftet er eit tiltak som etter planen skal vere i full vigør i det norske skulesystemet innan neste skuleår. Allereie no er det innført i grunnskulen og i 2. trinn i vidaregåande opplæring.
Målet med Kunnskapsløftet er sjølvsagt at alle norske elevar skal utvikle grunnleggjande kompetanse for å kunne fungere i samfunnet etc., etc. MEN det er også meininga at skulen skal vere heilt gratis for elevane ut vidaregåande, og det er nettopp det som uroar meg.
Intensjonen er god, og eg skjønar at somme elevar ikkje har like god råd som andre, men i somme høve vil det aldri fungere.
Eg er elev ved Firda vidaregåande skule på Sandane der eg går andre media og kommunikasjon, og dimed er eg blant dei mange prøvekaniner for skulereformen. På ei yrkesfagleg line som media og kommunikasjon er det praktiske minst like viktig som det teoretiske.
Til våren skal me ut i praksis, men grunna Kunnskapsløftet kan ein kun velje mellom praksisplassane det er å finne på Sandane, eller viss du er hybelbuar, som meg, kan du finne praksisplass heime. Skulen skal dekkje utgiftene dine i slike samanhengar, men når skulen din ikkje har nok pengar til det, blir heile klassa di heller plassert på eit trykkeri på Sandane. Det er nok diverre slik at det er eit ganske snevert tal firma innanfor mediebransjen både på Sandane og i Årdal. Uheldig for oss.
Og ja, det inneber også at me ikkje får reise på studietur eller ekskursjonar.
Før me fekk vite dette, hadde omlag alle i klassa ordna med praksisplass. Ingvild skulle til NRK i Oslo, Mona skulle til Cosmopolitan og Andreas skulle til eit reklamebyrå i Bergen. Sjølv hadde eg ordna med praksisplass i kultur- og reportasjeavdelinga i Dagbladet, samt reklamebyrået Uncle i Oslo.
Me hadde planlagd tur til London for å vitje ulike firma og selskap innan for mediebransjen, og me hadde allereie byrja å samle inn pengar. No kan me ikkje reise likevel - fordi skulen ikkje har pengar til å utdanne oss, og fordi me ikkje får lov til å bidra med noko sjølve.
Ungane mine skal i alle fall ikkje gå på skule i ei slik lita bygd.
Heia sentralisering!
Tags: bygda · grasnaut · skole · ungdom · utdanningÉin kommentar
1 response so far ↓
En ting er alle reformene (som vanligvis ikke har en positiv virkning), men det er nok mest opp til skolen hvordan de velger å følge reglene. Om de er interesserte i å beholde elever, så strekker de nok seg litt ekstra (om den kan kalles ekstra?).