Om fru Clinton har gløymt at det er andre enn hennar eigne som les kva ho skriv, veit eg ikkje, men ein byrjar snart å lure på om denne store utanrikspolitiske erfaringa eigentleg er like mykje “store ord” som ho beskuldar sin partikollega for å fare med.
Når ho har blitt spurt om si utanrikspolitiske erfaring, har Hillary stort sett referert til 90-talets mange kriser og krigar medan ho var presidentfrue. Blant anna seier ho at ho hadde ein part i å skape fred i Nord-Irland, og at ho der hadde ei stor rolle (”instrumental part”) i fredsskapinga der. Støtteapparatet hennar, med Terry McAuliffe i spissen, la også til at me ikkje hadde hatt fred i Nord-Irland i dag, dersom Hillary ikkje hadde vore med.
“A wee bit silly,” svarar fredsprisvinnar Lord Trimble av Lisnagarvey (ein mann som på si side hadde ei verkeleg stor rolle i fredsskapinga), som hevda at ho var lite anna enn eit vedheng til mannen sin, og at “det å vere cheerleader er noko heilt anna enn å vere ein spelar på bana”.
Ho har også trekt fram freden i Bosnia, og den dramatiske turen hennar dit (ja, det var visst berre ein), der ho måtte springe i skjul for snikskyttarar i det ho landa der utan mannen sin! For eit drama! Dette må da vise kor viktig ho er, eller kva? Her er for øvrig nyheitene frå turen, som visar dei dramatiske augneblinka frå dei landa, til dei sprang, hals over hovud, inn i sikkerheit.
Oh, the drama.. “There was no greeting seremony…”
Eg skal ikkje benekte at ho har hatt mykje å gjere blant anna for velferdsordninga i USA (som seinare har blitt plukka vekk, bit for bit), men ein byrjar å lure på kor mykje som er sant, og kor mykje som er oppdikta og overdramatisert for å imponere presse og andre mogelege veljarar.
Har fru Clinton gløymt at det er ei global verd me held til på? Og at folk i landa som ho har “skapt fred i”, har tilgang til amerikansk TV (og omvendt)? Ein kan verkeleg byrje å lure på om det er så store fordeleg å setje Hillary som nattevakt ved den raude telefonen som ho sjølv hevdar. Hillary har nok sett meir utanrikspolitiske avgjersler enn Barack har, men etter kvart som fleire og fleire slår ned på rolla hennar i utanrikspolitiske saker, så ser eg ikkje ein ærleg presidentkandidat.
Eg ser derimot ei kvinne som kvervlar sakte, men sikkert, ned frå eit ypperleg utgangspunkt. Noko Watergate er dette neppe, men det er iallfall ikkje sanninga heller.
Pass på di eiga kampanje, Hillary! Om du ikkje snart sluttar å legge hovudvekta på ei stadig svakare krykke kalt “erfaring”, er eg redd du må klare deg med eit bein mindre enn dei andre snart.
Diskutér saka nærare i forumet!
Tags: bosnia · clinton · first lady · hillary · nord-irland · president · tanketom · USA · valg2008 · watergateIngen kommentarar
0 responses so far ↓
Ingen kommentarar enda, vil du vere førstemann?