tanketom skriv:
I kronikken “Våre egne myter” i Aftenposten, den 4. desember, går stortingspresident og Ap-mann Torbjørn Jagland hardt ut mot Noreg si innstilling til verda rundt seg, og trua på at me kan forandre den. Han meinar at Noreg åleine ikkje kan ta opp kampen mot verda sine problemer.
Som eksempel nevnar han korleis våpenkvila i Sri Lanka no er broten, trass at Noreg var med på å få megla partane fram til ei fredsavtale i 2001. Ein avtale der blant andre noverande miljø- og utviklingsminister Erik Solheim var, og er, sterkt engasjert.
Som løysing på alt dette trekk han fram EU, og spesielt EU sitt arbeid med å få USA med på miljødebatten og EU sin mogelegheit for å “forene den kristne og muslimske verden ved å fortsette forhandlingene med Tyrkia om medlemskap”. Han nevnar også fredsforhandlinga i Aceh som blei “..forhandlet frem av en fra EU-landet Finland”
Eg har aldri påstått at EU aldri gjer noko godt, og det kan heller ingen sitere meg på, men det som er interessant er å gå EU-forkjemparen Jagland litt i saumane.
Lat oss byrje med Sri Lanka til dømes. EU sitt lovverk i dag er det frå offisielt hald særs vanskeleg for EU-medlemmer å samarbeide eller forhandle med nokon som er på terrorlista deiras (pdf). Dette forhindrar EU-medlemmer å ta part i fredsforhandlingar i dei store konfliktane som finn stad i Sri Lanka (Dei Tamilske Tigrane), Israel/Palestina (Hamas, Hezbollah) eller Columbia (FARC).
Og å seie at Noreg “i stand til å endre noe som helst i forhold til de store globale spørsmålene”, når me faktisk mekla fram ei våpenkvile i Sri Lanka. Ei våpenkvile som fungerte nokon lunde fram til konflikten igjen blussa opp ved etterverknadane av tsunamien i 2004. For øvrig, om EU har full kontroll på når naturkatastrofer forekjem og resultata av dei, så er eg enten veldig, veldig redd, eller veldig, veldig plutseleg “ja”-mann.
Og om me ser på Aceh-provinsen, så er ikkje akkurat Noreg heilt usynlege der heller. Dessutan, organisasjonen “frå EU-landet Finland” som Jagland snakkar om er ingen ringare enn Crisis Management Initiative (CMI), ein uavhengig, ikkje-statleg organisasjon danna av tidlegare president i Finland, Martti Ahtisaari. Ja, EU er riktig nok sterkt inne i prosessen i Aceh, for å megle mellom partane, men det er CMI som har fått mest omtale som den forhandlande parten, slik Jagland riktig nok beskriv. Og CMI er teknisk sett meir uavhengig frå EU enn EØS-landet, Noreg.
Torbjørn Jagland har lenge vore ein aktiv “ja”-mann i Ap sin høgrefløy, og det er for så vidt greit, men ein kan lure på kven sitt lag han er på (partipolitisk sett), når han aktivt kritiserar “våre to ministere i utenriksdepartementet” som “flyr verden rundt med alle sine småprosjekter”. Ein ting er kritikk, ein anna ting er det å vere lagspelar. Er Jagland ein laus kanon i Arbeiderpartiskipet?
Noreg kunne nok ha fått litt innflytelse i EU til å prøve å fjerne nokre av organisasjonane eller menneska frå lista (noko som har vist seg særs vanskeleg for EU-land å gjere tidlegare), men det er begrensa kor mykje ein kan gjere med 1% av folketalet i ein stor, byråkratisk, overstatleg union. Og, ikkje gløym dette heller: EU er ikkje verda, verken den kristne eller den muslimske, det er ikkje heile Europa ein gong. Og inntil EU forandrar seg til noko anna enn det er i dag, så tykkjer eg det er heilt greit å vere ein del av “resten”.
For kvart eit lite eller stort internasjonalt spørsmål som måtte dukke opp, svarer Thorbjørn Jagland “EU”…
Audun Skjervøy, Dag og Tid, 2000
Eg let heller Jagland kose seg med sine eigne myter om EU.
Tags: EU · fred · jagland · løs kanon · norge · palestina · sri lanka · tanketom · terrorisme · utenriksIngen kommentarar
0 responses so far ↓
Ingen kommentarar enda, vil du vere førstemann?