
Det skjedde igjen. Nokon tok innersvingen på meg, og skreiv ein sak om eit felt eg tykkjer er viktig. Dei skreiv det før meg, og eigentleg betre enn eg nokon sinne kunne klart det (så kanskje det er like greit?). Audun “Rett Venstre” Lysbakken, nestleiar i SV, og Torbjørn “Lille Blå” Røe Isaksen, avtroppande leiar i Unge Høgre har gått saman [sic] om å skrive ein kommentar om det norske media. Eit sant tverrpolitisk samlingspunkt som visar at media si høgre-venstre-framstilling av media ikkje alltid stemmer.
Åh, og dei har så rett!
Desse to, mildast talt, uvanlege samarbeidspartnarane skriv i Samtiden denne månaden (samandrag i Dagbladet) om “Kommentariatets Diktatur”. Hovudpoenga ligg i at media, kanskje spesielt tabloidmedia, har ein tendens til å fokusere meir på person i sine politiske saker enn på sak.
Dei trekk fram “Brød og Sirkus”-sendinga frå Tromsø som eit godt eksempel. Dette var ei sending eg for ein gangs skuld fekk med meg, sidan eg eigentleg har gitt opp å sjå debattar på tv. Viftande peikefingrar og gråhåra, tabloide konfliktskaparar slutta å vere mi greie for lenge sidan.
Men denne kvelden var nær eksepsjonell. Med problemstillinga: “Synes du Brende og Sponheim opptrer uredelig overfor Helen Bjørnøy?” legg Knut Olsen den politiske lista så lågt at sjølv dei små Demokratane ikkje hadde klart å danse limbo under den.
Kvifor gjer ein slikt? 6 dagar før kommune- og fylkesvalget.. Skal ikkje politikken fokusere på kven som kan styre landet vårt best mogeleg? Er det talegåvene til partileiaren sentralt som er viktigast for kven som kan håndtere kommunebudsjetta våre best mogeleg? På hvilket hemmeleg møte blei dette i så fall bestemt? Eg fekk det ikkje med meg..
Sivepus og Jensemann
Og debattane mellom Sivepus og Jensemann.. Eg blei så oppgitt. Eg, og eg håpar eg ikkje er åleine, gir vel nøkken i om Siv Jensen vil kline aldri så mykje med Jens. Kva er politikken deiras? Kvifor ikkje late dei lokale i utvalgte kommuner få debattere på vår statskanal, når det trass alt var kommunevalget som stod for dør?
Det kunne på eit plan gi folk innblikk i den generelle kommunepolitikken sine mange byrder, og på eit anna plan late folk sjå situasjonen i andre kommuner sine problem. For problem er det nok av.
Til dømes Lærdal sin kamp for å få sjukehuset sitt opp igjen å stå? Kva var argumenta til Helse Vest utanom pengane? Kvifor gidd lærdølene å kjempe ein tilsynelatande håplaus kamp mot fylkesmyndigheitene?
Eller Trondheim som, blant få, set opp prisane på delar kollektivtrafikken? Kvifor blir prisane sett opp? Kva er argumenta for å ikkje setje dei ned igjen?
Overfladisk
Norsk politisk journalistikk er syk. Den er smittet av sportsjournalistikken, og lider av overflatiskhet og alvorlig mangel på relevans. Symptomene er flokkmentalitet, skandalerytteri og kommentatorvelde.
- “Kommentariatets diktatur”
Det er denne overfladiske tankegangen om å selje flest mogeleg framsider, kapre flest mogeleg sjåarar og snappe opp flest mogelege høyrarar som er drivkrafta i norsk politikk i dag. Det er ikkje sakene som gjeld, vinnaren er den med raskast kjeft og sintast blikk. Og eg hatar det. Partileiarane fekk terningkast etter debattane. Terningkast!
Øh?
Personleg, som ein som så vidt har leikt seg med både private og statseigde media, samt hatt opplæring i journalistikk og mediahistorie, ser eg linjene. Ingen skal få sitere meg på at det var betre med kun statsmedia. Me treng alltid fleire sider av ei sak for å gjere oss opp ei meining, ingen einskild mediakanal kan gjere noko slikt. Men det er ikkje til å kome vekk frå at konkurransen NRK har fått med TV2 og dei andre, har ført til tabloidisert også vår statskanal. Og det for mykje for min del.
Eg blar gjennom gamle notatark frå andreklasse på vidaregåande og les at eit av dei fire grunnleggande nyheitskriteria me lærte for å vinkle saker best mogeleg var: “Person framfor sak”. Bak dette punktet har eg skrive “(Øh?)”, og det meinar eg fortsatt.
Øh, NRK? Øh, TV2? Øh, Dagbladet? Øh, Vg? Øh, media generelt?
Men, lo and behold, våre to korstogsfararar legg fram planer for ein kur også (når var for øvrig sist gang du såg to politikarar legge fram konkrete forslag?). Med seks punkt som eg kjenner meg heime i vil dei ta tilbake politikkdebatten i media, og gjere den saksfokusert.
Den femte statsmakt
Det sjette punktet er som følgjer:
6. Lag mer mediedebatt i mediene. Det er på tide at journalistene utvider sitt mandat for maktkritikk til også å være kritisk til andre journalister.

Er det på tide at den fjerde statsmakt sjekkar sprekkene i sin eigen grunnmur også? Det ser nemleg ut som at arbeidet deiras no består av å glasere dei tre overståande murane med deileg melis, som blir servert i beste sendetid med ein polariseringsdusk på toppen.
Folket vil ikkje ha brød og sirkus med bitter ettersmak. Dei vil ha kake, og oppskrifta er nedteikna i 7 punkt frå eit blå-raudt samarbeid.
Alle bileter teke med tillatelse frå sxc.hu
Tags: 2007 · brød og sirkus · innenriks · media · tanketom · valg4 kommentarar
4 responses so far ↓
Ja, slik går det når media blir avpolitisert og gjort om til kommersielle pengemaskiner…
Til Thomas:
Jeg vet ikke med deg, men erfaringsmessig er det vel også en del ulemper ved at staten har monopol på meida, om det er såpe og sirkus folket vil ha, gi dem da også det.
Til Olaf:
Nå kan vel aviser og andre medier tilhøre partier og ikke staten, altså ikke-kommersielle-ikke-statlige.
Riktig det jukselappen. Ikke bare politiske partier heller, men også organisasjoner etc.