Bak Tastaturet

med ordet i vår makt

Bak Tastaturet header image 2

Våpeneksportproblemet si kjerne

mars 16th, 2008 av tanketom

Debatten om Noreg sin våpeneksport blussar opp igjen, spesielt etter SSB sin rapport som, for enkelte kanskje, overraskande meldar at Noreg er verdas sjuande største våpeneksportør, og Kirkens Nødhjelp sine rapportar om at norske våpen endar opp i borgarkrigsområder i forskjellige afrikanske land, via land som Tsjekkia, Polen og Slovakia.

Og det er her eg meinar heile kjernen i saka ligg. Mange hevdar at me ikkje kan kreve at kampvåpena- og -ammunisjonen me eksporterar ikkje skal bli brukt i krig. Sjølvsagt ikkje, tenkjer eg då. Me kan då ikkje kreve at eit land sitt militær skal treffe blinkar med våre våpen, og gå i krig (om det skulle bli aktuelt) med nokre andre våpen. Valget med kva som er etiske krigar er vanskeleg, det er ikkje mange

Noko eg meinar me derimot kan kreve, er at våpena våre ikkje blir vidaresolgt, eventuelt ikkje vidaresolgt utan vår godkjenning.

Lille Noreg er verdas sjuande største våpeneksportør, og fleire land seljer ein del av våpena våre vidare til borgarkrigar i Afrika. Skal norske våpen brødfø destruktive krigar i Afrika?

At USA eksporterar våpen direkte til Taiwan, Saudi-Arabia og Israel, der Noreg let vere, får vere ein anna diskusjon. Etikk er ein anna debatt.

Problemet mitt ligg ikkje i kva som er etisk riktig krig eller ikkje, og kven me seljer dei til. Problemet mitt er at dei ikkje blir brukt til det dei er solgt for. Ein kan ikkje vente at militære i eit land som har avtalar med norske produsentar skal øveskyte med norske våpen, og seinare skyte skarpt med tyske når det er “alvor”. Dette er latterleg. Men ein kan til sitt ytterste prøve å strekke innflytelsen til kva som skjer med våpena hjå kjøparen. Dette gir ikkje Nammo til uttrykk for at dei prøvar no, til trass for at retningslinjene deiras er under arbeid.

Om ein innførar klausular om tilbakevending av våpen ved utskifting eller om ein tek andre verkemiddel i bruk, får vere opp til Nammo og staten (største aksjehaldar i Nammo), men det er ved vidaresalg fokuset burde ligge.

Me må slutte å selje våpen i blinde.

Ta gjerne diskusjonen vidare i forumet!

Tags:   · · · · · · Ingen kommentarar

Legg igjen kommentar

0 responses so far ↓

  • Ingen kommentarar enda, vil du vere førstemann?